Jens K Styve

Eg snobbar ned på grafill.no

Grafills spalte «fantastisk fredag» spurte om eg kunne anbefala fem bøker:
Å dela fem bøker på grafill.no er ei fantastisk anledning til å opphøga meg sjølv, til å tydeleg demonstrera kor smart, sofistikert og interessant eg eigentleg er. Det er fristande, sjølvsagt, men som alternativ har eg valgt upopulære bøker som eg likar og som eg stadig blir forbausa over at få andre bryr seg om.

1. Tank Girl, The Gifting (Alan Martin og Ashley Wood)
Først ut av underkjente og utskjelte medier er sjølvsagt teikneseriar. Utruleg nok har min store favoritt-teiknar frå 1990, Jamie Hewlett, slått seg saman med mine store favoritt i 2010: Ashley Wood, resultatet er Tank Girl, The Gifting. Historiane til Alan Martin er (som dei og var på 90-talet) til tider så skrudde og syrete at det kan bli reint for mykje, men teiknarane Hewlett og Wood løftar det opp til å bli høgverdig litteratur. Ashley Wood er forresten ein fantastisk kunstnar som vekslar mellom høg og lav kultur (billedkunst, porno, zombiar, robotar, dataspel og teikneseriar), hans hefter PopBot er mystiske og vakre og det fins i tillegg ein bunke andre kunstbøker og teikneseriar av Wood tilgjengleg.

 
2. Sopranos Script Book (David Chase m.fl.)
Utskjelt medium nr 2: TV. Kanskje det beste mediet for historiefortelling om dagen, og det aller beste som nokon gong har gått over TV-skjermen må vera The Sopranos. Heldigvis fins det eit par manus frå serien på nettet slik at ein kan finstudera korleis mesterhjernen David Chase går fram når han fortel historiar. I tillegg fins det altså ei bok med dei beste manuskripta frå dei tre første sesongane, boka har litt ulike manus i engelsk og amerikansk utgåve.

3. Halo ODST Gamers Guide
Utskjelt medium nr 3: Spel. Eg bestemte meg rundt 2009 for å setja meg inn i kva som foregår på spelfronten, kvifor enkelte folk brukar så mykje tid og krefter på denslags. Erfaringa er at dersom eg dykkar ned i ein eller annan (u)kultur så kjem eg over eit eller anna som gjev meg noko. I spel-verda var det særleg Halo og GTA som gav glede og inspirasjon. Etter å nyleg ha spelt gjennom Halo 4 så slo det meg at gode gamle Halo ODST står som ein favoritt. ODST er til dels utskjelt av spelnerdar fordi den er noko anna, den har eit slags film-noir/detektiv-plott, er meir nedtona og mindre heseblesande enn dei andre spela i serien.

4. Story av Robert McKee
Eg kunne sagt utskjelt medium nr 4: film, men det er vel få medier som er meir opphøga enn film i desse dagar. For den som ynskjer å skriva film, eller litteratur eller teikneseriar for den del, så er det greit å ha vore gjennom ein del teori. Boka til McKee er utskjelt (sjølvsagt), mest av folk som hatar Hollywood og er redde for å skriva historiar etter oppskrift. Sjølv har eg tru på at historieforteljing er eit handtverk som alle andre kunstformer, og denne boka har mykje å bidra med på handtverksfronten.

5. Moleskine Daily Diary 2012
Eg meiner at alle bør skriva litt kvar dag. Særleg folk som jobbar såkalla kreativt (men det gjer jo alle). Dersom ein t.d. har som nyttårsforsett å skriva ei side kvar dag, så har Moleskine noko som heiter Daily Diary 2013. 365 sider med nydelig syrefritt papir for alle dine tankar og idear som kan koma til nytte på vidt forskjellige måtar. Enkelte gongar er det reint terapautisk, å føra ein skriftleg dialog med seg sjølv.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *