Jens K Styve

Om å skriva for fjernsyn

Kjære dagbok, eg har fått for meg at eg skal skriva for film og TV. Eg har forsåvidt lefla med det før (studert Fjernsynsproduksjon i Bergen og jobba i NRK (Lillelørdag)), men det byrjar bli ei stund sidan. Eg hadde eit spelefilmmanus i støtteordninga til NFI og eg skreiv to kortfilmar, etter det gjekk eg over til å skriva skjønnlitterært, og gløymde etter kvart heile tanken på film. No, 10 år etter, er eg såpass oppteken av TV-drama at det er på tide å gjera noko med det. Dei siste 4 månadane har eg hatt skriveperm, jobba med min komande roman, og opphalde meg i Oslo. Eg har, halvt diskret, prøvd å halda meg nær dei som skriv film og fjernsyn, i håp om å overhøyra kva dei snakkar om, finna ut korleis dei tenkjer, rett og slett snappe opp sjølve trickset. Det eg overhøyrde var nyttig og interessant, eg fekk dessutan eit godt inntrykk av den norske TV-bransja, det virkar forbausande ope og inkluderande, relativt avslappa og upretansiøst. Relativt.

Undervegs i dette forskningsprosjektet oppretta eg ein blogg, Filmforfattarlauget, ideen var å dela det eg lærte, når eg no likevel var såpass inne i det.

Hittil i år har eg fått vera med og skriva på NRK Super sin nettserie Jenter, det fins ein karakter der som heiter Even, han er ein fin fyr, eg har fått koka ihop hans monologar om verdensrommet. Arbeidet med Evens Univers var ikkje veldig omfangsrikt, men det var ei herlig erfaring OG det gjorde meg sikker på at det å skriva for film/TV er ein veldig god ide.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *