Jens K Styve

Handteikna bokomslag

Eg er glad for å kunna fortelja at debutromanen min Eg, Ove Kvamme er tilgjengeleg i eit begrensa opplag der kvart enkelt bokomslag er 100% teikna/malt for hand.

Romanfiguren Ove Kvamme er ein som veit å verdsetja ei Special Edition, numerert samlarutgåve, eg har difor lenge hatt lyst til å laga ei spesiell utgåve av boka. Resultatet har blitt lange kveldar ved teiknebordet og eit svært begrensa antal handteikna bøker/omslag. Det er altså ikkje lenger berre ein roman, men eit aldri så lite kunstverk (numerert og signert) som du kan få i hendene. Dersom du er rask så kan du kjøpa verket her på denne nettsida, alt du treng er kredittkortet ditt. I tillegg til at kvart enkelt omslag er møysomeleg malt og teikna så er boka verd å lesa, les berre kva anmeldarane skriv om den nyskilde progrock-fantasten Ove Kvamme.

På mine facebooksider kan du sjå bileter frå prosessen og arbeidet med boka og dei nye omslaga.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *