Jens K Styve

Eg spekulerer rundt Breaking Bad (slutten)

Det nermar seg søndag 11. august, og med det starten på slutten på det som kanskje må seiast å vera verdas beste TV-serie. Sidan det er ferie så har eg funne det for godt å sjå om att ein bunke med episodar av Breaking Bad. Fordi det er ei glede, sjølvsagt, men også litt for å spekulera i korleis dette kan koma til å enda.

Veldig ofte blir eg overraska når eg ser piloten omatt etter å ha sett heile eller mesteparten av ein serie: den viser seg å innehalda «alt». Piloten, altså den første episoda i første sesong, er ofte å rekna som ei slags dreiebok for heile serien. I Breaking Bad er det minst like interessant å lesa manuset til piloten, det inneheld nemleg eit par scener som faktisk ikkje fins i den ferdige episoda. I ei av desse «tapte» scenene, ført i pennen av Vince Gilligan sjølv, ser Walter Jr på Scorsese Brian De Palma-filmen Scarface, ein DVD han har fått av onkel Hank. Skyler ber sonen om å skru ned lyden, Walter Senior blir berre ståande og sjå på Tony Montana der han plaffar ned folk og til slutt sjølv må bøta med livet:

 

Loud MACHINE GUN FIRE startles them both. Skyler yells into the living room.

SKYLER
DAMMIT, WALTER! TURN THAT DOWN!

(more GUNFIRE)

Go talk to him.

Walt rises, sets his bottle in the sink.

INT. WHITE HOUSE – LIVING ROOM – CONTINUOUS
The end of «Scarface» plays on the TV. TONY MONTANA, with his mountain of cocaine and his M-16, takes on all comers. Walter, Jr. is sprawled on the couch, watching. His crutches are leaned against the armrest.

WALTER JR.
Hey.

WALT
Hey.

(watches TV, remembers)

Your Mom wants you to turn it down.

WALTER, J R.
Shit, come–on. This is–the best–
Wait, wait…

TONY MONTANA (ON TV)
COME AN» MEET MY LEETLE FRIEND!

WALTER, J R.
Oh–damn! Hell, yeah!

Walter, Jr. awkwardly pumps his fist. Walt keeps watching.

WALT
DVD?

WALTER J R.
Uncle Hank–gave–it to me.

Walt’s eyes stay on the screen. The garish little kingpin mows down acres of Columbians, then dies in a blaze of glory.
Off Walt, whose thoughts are unknown to us …

 

Det er ikkje mange historiar som har ei oppbygging som Breaking Bad, der hovudpersonen startar som ein likandes kar og blir meir og meir motbydeleg. Vince Gilligan har sjølv uttalt fleire gongar at den originale ideen med serien nettopp var å ta Mr Chips, og gjere han om til Scarface. Så. Når serien no skal avsluttast, så er det nærliggande å spekulera i korleis det skal foregå.

Promoplakaten til siste del av sesong 5 er nyleg gjort offentleg. «Remember my name», det antyder nokså direkte (?) at Walter White kjem til å dø før serien er over. Dette er dessutan noko som Bryan Cranston har sagt i mange intervjuer (sjølv om han «berre» er ein skodespelar og garantert ikkje har visst noko om det siste episodemanuset på det tidspunktet han uttalte seg).

breaking-bad-final-poster

Episode 1 i sesong 5 startar med eit flash forward. Walter er 52 år, han har fått skjegg og hår, han er fullstendig desillusjonert og tilsynelatande på sitt lavaste punkt i livet. Han hostar, den dødelege lungekreften har med andre ord framleis eit balletak på han. Ein må heilt klart anta at starten på sesongen vil vera opptakten til sluttscena på heile serien. Slik fungerer det med flash forwards i denne serien, den kontrakten er for lengst gjort med oss som ser på. Eg vil gjetta at Walt har mista Jesse på dette tidspunktet. Truleg har han og mista eit eller fleire familiemedlemer, og med det sansynlegvis ynskjet om å overleva sjølv. Han gjer ein handel med ein kar inne på dassen på ein diner, det viser seg å vera eit M60 maskingevær med brukarmanual og ammunisjon. Det opplagte er altså eit Tony Montana-øyeblikk, ei skytescene der han skyt ned mest mogleg av bad-guys før han sjølv går ned. Det virkar opplagt? Det er vel ingen som helst måte Vince Gilligan og forfattargjengen hans kan kome rundt ei slik avslutning.

(Eller…?)

 

  1. Psst! Scarface er en DePalma-film, ikke Scorsese.

    Svar

  2. Eh… Takk!

    Svar

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *