Jens K Styve

Om å få det for seg (intervju)

Kva kjenneteiknar ein proff forfattar? Ein proff må skriva bøker og gje dei ut relativt ofte, han må få ting ferdig utan å tvile så sterkt, utan å ombestemme seg heile tida og utan å stadig vurdere å kaste seg framfor bussen.

(…)

Kva er det for ei historie du har kokt ihop denne gongen?

Friedland er ei historie om familien Friedland, ein familie på tre som bur i ei bygd ein plass i nordnorge. Truleg ikkje så veldig langt frå Tromsø. Faren, Odd Friedland, er ein driftig mann utan arbeid. Han har hundre forskjellige prosjekter på gang på same tid, det strekker seg frå healing, stopping av blod, til spritproduksjon, isbilen, krekebærsaft og kantarellar. Han har eit avslappa forhold til lov og rett, det er kanskje rettare å seia at han har sitt heilt eige sett med lovar og reglar. Fru Friedland, Tordis, hellar meir til skulemedisin og blandar seg minst mogleg i dei forskjellige bedriftene hans. Dei lagar krekebærsaft saman, ellers lever dei nokså parallelle liv. Tordis kjem frå ein religiøs familie og kjenner heile tida ei svak draging tilbake mot det miljøet. Sonen i huset, Kristoffer Friedland, er i ferd med å verta vaksen og leitar etter sine eigne måtar å gjera ting på. Han er i utgangspunktet drivande god til å festa, røyka og spela dataspel. Etter kvart prøver han å skapa seg ei næring ved å delta i narkotrafikk i den vesle bygda, det fører naturlegvis til trøbbel.

(…)

Les heile intervjuet her.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *