Jens K Styve

Friedland på Samlaget si haustlansering

“Eg har skrive ei ukristeleg bok om ein helbredar og kvakksalvar, ein svindlar og velgjerar, ein ektemann og far og kanskje aller mest hundeelskar. Han heiter Odd Friedland, og det er han som bur i det huset der det er ei ringeklokke ved døra som det står Friedland på.”

Samlaget hadde si haustlansering den 14. august 2013. Dei kjøpte meg ein flybillett og eg tok på meg å dokumentera heile dagen for publisering her på denne bloggen min.

Kl 05.45: Vinnarlukka starta då eg blei plukka ut til ein tilfeldig kontroll ved sikkerhetskontrollen. Eg brukar å vinna dette lotteriet, fyren frå Securitas kjende meg att, han kommenterte forsiktig at eg hadde lagt litt på meg i ferien.

Allereie ein time før, dvs klokka 04.50 hadde eg på mystisk vis vakna av meg sjølv, ti minutt før vekkarklokka. Eg rakk å konstatera at ingen hadde sjikanert meg på Twitter dei fire timane eg sov.

Eg kjøpte nesten ei vakuumpakka trekanta brødskive på Narvesen før eg hugsa på at flyplassen hadde eigen filial av smørbrødkjeden Upper Crust. Bacon og Brie er to ord på B som tyder God Start På Dagen.

Kl 07.00: Fyren framfor meg hadde funne ein måte å legga setet sitt så langt bak at eg på ein måte fekk den lange krølltoppen oppi fanget. #winning.

Eg såg gjennom og godkjente korrekturen på manuset mitt på veg sørover. Dama ved sia av meg fulgte nøye med, ho sa ikkje at ho likte boka, men då eg kom til siste side syns eg at eg merka eit tilfreds lite smil. Eg trur ho tenkte “terningkast fem”. Satsar på det.

Kl 08.30: Fyren før meg på dassen på Gardermoen hadde det skuldtynga uttrykket. Eg hatar å pusta inn partiklar frå tarmen hans og å kjenna varmen etter han på doringen.

Kl 08.45: Eg susar allereie inn mot Oslo S med ryggen først. Kupeen på flytoget inneheld meg og ein badass type, han liknar på ein prikk på ein hitman i ein amerikansk serie. Her er og tre eplekjekke businessmenn frå Spania, håpar for deira skuld at dei er i oljebransja.

Kl 09.10: Utanfor Oslo S får eg den kjensla av deising. At eg deisar hovudet mot noko stort av metall. Eg skal ikke vera ein sånn som kjem frå distriktet og kritiserer Oslo, men eg trur det har å gjera med korleis dei lever dei som bur der, nederst på Karl Johan.

Kl 09.30: På grunn av den korte avstanden mellom Tromsø og Oslo (og kanskje aller mest på grunn av at eg tok eit så sjukt tidleg fly) så hadde eg ein god time å slå ihel før pressekonferansen. Eg fann ein kafe i eit vegkryss og kjøpte det dei hadde att i hyllene sine, ein yoghurt og ein muffin.

Kl 11.00: Eg møtte opp på Litteraturhuset, faktisk huset der eg skreiv ferdig Friedland no i vinter. Håkon Kolmannskog og Edmund Austigard gjorde gode figurar frå scenen med tåredryppande hyllestar til språket og Ivar Aasen og forlagssjefen poserte med ein trang strikkelue på hovudet. Presentasjonen av Friedland gjekk greit sjølv om det blei lest opp eit gamalt utkast av ein gamal baksidetekst.

Kl 13.00: Lunsj på Grand, det høyres ekstremt grandiost ut, men det var ein kafe sentralt i Oslo som hadde smørbrød og gode kaker. Eg kom i prat med ein lyrikar og ei som har skrive ein biografi om Kenneth Sivertsen. Bra folk. Forlagsdirektør Håkon Kolmannskog kunne fortelja at eg hadde laga ein teikneserie som harsellerte med han og fleire i Norsk Målungdom då dei hadde drukke seg fulle og vore heiagjeng på konsert med bandet Åsen. Ein gong på 90-talet. Eg kunne ikkje hugsa den serien, men det høyrdes ut som noko eg kunne ha gjort. Han sa det gav eit ubehag den gongen, han siterte Dag Solstad, kalla det snerk i kakaoen. “Det er snerk i kakaoen”, sa Kolmannskog til meg, relativt godlynt så mange år etter. Han la til at han ikkje har lese heile boka mi enno, berre eit tidleg utkast der det ikkje var nokon slutt. Håpar på at han les den når den kjem frå trykkeriet.

Kl 14.30: Eg bladde i manuset mitt, fann ut kva eg skulle lesa på hagefesten. Tok ein dusj og rusla til t-banen.

Kl 16.00: Hagefest i Oscarsgate, ein genial hage for ein fest, står ikkje tilbake for nokon hagefest i noko anna forlag eg har vore på. Eg fortalte litt om Friedland, her er det eg sa, nedskrive av Samlaget sin faste stenograf:

Eg har skrive ei ukristeleg bok om ein helbredar og kvakksalvar, ein svindlar og velgjerar, ein ektemann og far og kanskje aller mest hundeelskar. Han heiter Odd Friedland og det er han som bur i det huset der det er ei ringeklokke ved døra som det står Friedland på. Her bur han, i dette huset, i Det Norske Hus på ein måte. Når eg skriv så er eg opptatt av å studera det vanlege, eg har ein fasinasjon for det som er vanleg. Det vanlige i Noreg no for tida er jo å tru på at det er meir mellom himmel og jord. Sjølv er eg litt i tvil, men eg har likevel hatt lyst å skriva om det. Eg kunne eigentleg tenka meg å lesa alt, eller ingenting, men no skal eg likevel lesa berre litt.

Og så las eit par stykker med tekst. Eg trur det gjekk ganske greit, DJen borte i hjørnet skreiv til meg på Twitter at han ville lesa boka når den kjem ut. Etter lesinga var det å via seg til gratis drikke, sol og gode folk heile kvelden. Vi prata mykje om kor tung og lett det er å skriva ein roman, alle ser ut til å slita med det same. Alle draumer om å bli litt proffare slik at frykt og angst og smerte ikkje skal vera ein så opplagt del av prosessen. Slik kan forfattarar stå og pimpa øl og føla med kvarandre i timevis. Etter kvart kjem ein inn på diskusjonar om digital distribusjon, forlagsdrift, musikkbransje, filmbransje, og på dette tidspunktet spissar det seg til. Ein blir litt irritert og må til slutt legga bort heile diskusjonen fordi alle står og messer for seg sjølv, tillegg kvarandre synspunkter og det går ingen veg. Då er det på tide å bevega seg vidare, ned mot Lorry. Sjølv brukte eg berre Lorry til å tømma blæra før eg tok ein taxi heim saman med ein lang tynn fyr frå Somalia. Han fekk betalt via bankoverføring og slepte meg ut på Tåsen. Eg såg ein episode av Orange is the new Black under eit pledd på sofaen til svigermor før eg gjekk til sengs. Fattar ikkje kvifor eg ser på den serien, den kjedar meg berre.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *