Jens K Styve

Friedland samlekassett, første del

Forfattar og serieteiknar Jens K Styve er aktuell med boka Freidland til hausten, i fylgje forhåndsomtalar ei historie frå ei halvkorrupt nordnorsk bygd om healing, sprit og kvakksalveri. Boka har i god tid før lansering fått sitt eige lydspor, vi tok ein prat med forfattaren om prosjektet, med utgangspunkt i «soundtracket» som er tilgjengeleg for den som har Spotify eller Wimp.

Av Kjartan Tretteteig

KT: Det eg tenkte var at vi set på lydsporet frå song nummer ein og pratar om laust og fast gjennom heile spelelista. Undervegs i teksten skal eg putte inn plateomslaget og litt tekniske data for kvar einaste song.

JS: Okay. No har vi vel berre ein knapp time, og den spelelista varar vel i … kanskje 6?

KT: Hm. Eg tenkte vi skulle ta det over litt tid, kanskje møtast att eit par gongar i løpet av nokre veker? Men 6 timar er kanskje i meste laget. Eg føreslår at vi startar, og berre ser kor langt vi kjem, ok?

JS: Ok.

Nick Cave er ein av mine absolutte favorittartistar. Cave, Tom Waits, Sonic Youth og Beastie Boys er artistar som det ser ut til at eg aldri kjem til å gå lei av. Kicking Against The Pricks er ei plate som eg har høyrd ekstremt mykje på.

Det er vel ikkje akkurat den mest populære av platene hans?

Kanskje ikkje. Det var den første Cave/Bad Seeds-plata eg fekk kloa i. Det var i starten på 90-talet, eg flytta til Bergen på ein bitteliten kjellarhybel som kosta meg 500 kroner i månaden. Hybelen var utan dusj, eg hadde mus på dass og det var kaldt og rått. På vinteren var det så kaldt på kjøkkenet at dersom eg gløymde å legga tomaten i kjøleskåpet så fraus den til is. Uansett: eg gjekk som alle unge studentar på platebutikken Apollon for å få musikalsk oppdragelse av innehavaren, Engelen. Han likte at eg snusa på Nick Cave så han gav meg Kicking Against The Pricks gratis. Nokon hadde nemleg rappa CD-coveret, så han sat inne med berre sjølve plata. Han såg vel at det havna hos ein som kom til å setja pris på Cave sine coverversjonar av klassiske amerikanske svisker. Og det har eg gjort i samtlege av dei 23 åra som har gått.

Det var ikkje mykje vi rakk å seia om forrige song?

Nei, dette går relativt fort. No er vi allereie godt inne i song nummer to.

Mhm. Eg gjorde eit ganske systematisk studie av god musikk heilt frå midten av 80-talet og fram til rundt år 2000 då eg av ein eller annan grunn slutta å følgja med. Eit band som merkeleg nok havna under (eller over?) radaren var The Who. Eit av dei få minnene eg har om The Who er eit flipperspel som sto på Hulen i Bergen, det var basert på musicalen Tommy. Var det noko eg var interessert i på den tida, bortsett frå musikk, så var det flipperspel.
Medan eg skreiv på boka om Friedland så henta eg meg inn på eit par TV-seriar som hadde gått meg hus forbi, mellom anna serien Louie med komikaren Louie C.K. Han speler songen «Who are you» i ei episode av TV-serien, på biltur med dei to små jentene sine. Louie tar fullstendig av med vokal og luft-trommer, medan jentene gremmar seg i baksetet. Eg innsåg då kva for ein skatt eg hadde gått glipp av i The Who. Dette har eg prøvd å ta att det siste året, og difor havna songen på Friedland-spelelista.

Mogwai er eit band som eg ikkje anar noko om. Det dukka opp på spelelista mi i vinter då eg var djupt inne i skrivekoma og eg ba nokre vener om tips til god skrivemusikk. Eg hugsar ikkje kven som tipsa meg om bandet, men det var akkurat det eg var ute etter: dvelande og meditativ musikk som ein kan jobbe til. Det vekslar mellom støyande og melodiøst, ein kan vel kalla det «studentrock», truleg sterkt influert av Sonic Youth. Eigentleg føretrekker eg instrumentalmusikk når eg skriv, det er vel noko med at språksenteret i hjernen må dedikerast til sjølve skrivinga, det er ikkje optimalt at nokon står og kviskrar (eller roper) ord i øyra på deg medan du skriv. Men med Mogwai fungerte det fint, vokalen er ganske tilbaketrukken i lydbiletet og det er mange og lange instrumentalpartier. På den tida då eg laga mykje teikneseriar var språksenteret meir ope for impulsar, då kunne eg høyra på radio eller lydbok medan eg jobbar. Ofte saknar eg ein slik jobb der språksenteret får fri, det er kanskje det som vert kalla manuelt arbeid. Musikk som Mogwai og Sonic Youth handlar i stor grad om å koma inn i ein flyt, «flow», djup konsentrasjon. Av og til, når eg laga teikneseriar, så kunne eg ende opp med å høyra eit halvtimes langt program på samisk, rett og slett fordi eg blei så «borte» i arbeidet at eg ikkje kom på å skifta kanal. Slike gongar er det viktig å minne seg sjølv på at ein høgst sansynleg sit der med ein drøymejobb.

Eg var sein å oppdaga Radiohead. Dvs eg avskreiv dei lenge som noko som ikkje var laga for meg. Frå og med plata Amnesiac har eg vore fan. Dette bandet ser ut til å ha litt den same eigenskapen som Sonic Youth: å gje ut nye plater som ikkje heilt innfrir forventingane etter den forrige, men som tek heile greia nokre steg vidare. Dei har noko på hjarta, føler eg, reint musikalsk. Det gjer det verd å bruka tida si på. Dessutan havnar det i kategorien «god skrivemusikk», til tross for mykje tekst/vokal.
Denne songen er frå The King of Limbs, ei plate som kom ut den hausten då eg flytta tilbake til Oslo for å skriva ferdig Friedland. Eg hadde eit slags atelier i garasjen til svigermor, difor har denne plata fått ei viss «lukt» i mitt hovud, den luktar 40 år gamal garasje iblanda lukta frå nokre kassar med epler.

Oh! er eit relativt nytt band frå Tromsø. Dei står i fare for å vera unge kopiar av Jarle Bernhoft, men dei har definitivt eit eller anna ved seg som gjev dei identitet ut over den samanlikninga. Eg syns dei fortjener å nå lenger ut og dei fortjener å vera med på Friedland-lydsporet. Det er alltid litt irriterande og samtidig ganske fasinerande å sjå/høyra ungdomar som er halve min eigen alder og hundre gongar dyktigare på instrumenta sine enn eg nokon gong kan bli. Det er godt handtverk og stor speleglede. Dessutan er det triveleg med unge jyplingar som syng med stor overtyding om dameerobringar og si solide erfaring innan «the art of love».

Kor i boka Friedland høyrer denne songen heime?

Eg er ikkje heilt sikker på kva scene den skulle ha passa inn i, men songen representerer godt fenomenet som ein kanskje kan kalla «nordnorsk overmot».

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *