Jens K Styve

«Vaskeseddelen» for Friedland er klar

Som ivrig nynorskbrukar gjennom 40 år er det kanskje på tide at eg fekk mitt eige avlukke på nettsidene til Det Norske Samlaget. Den offisielle «vaskeseddelen» for den komande boka mi er dessutan gjort offentleg no:

Odd Friedland er litt som Snåsamannen, berre utan dei gode intensjonane. Han driv med healing, krekebærsaft, heimebrenning og eit utal andre prosjekt, nokre mindre lovlege enn andre. Sonen hans, Kristoffer, er skulelei, men drivande god til å røyka, drikka og spela dataspel. Han er langt mindre driftig enn faren, men har og sine lysskye aktiviteter. Det er først når Kristoffer vert innblanda i lokal narkotrafikk at Odd Friedlands allereie vaklande imperium verkeleg blir sett på prøve.

Eg har gjort eit par oppdrag for Samlaget tidlegare, såvidt eg hugsar så begrensar det seg til desse to bøkene: Alt kan reparerast av Eivor Vindenes (der eg illustrerte og laga omslag), og Ingvild Holvik sin roman Lykkefeltet (der eg laga omslaget).

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *