Jens K Styve

Dette er ikkje ei bok

Eg er klar over at mange er nostalgiske når det kjem til boklesing. Eg aksepterer det, og ein skal få vera gamal og inngrodd på enkelte områder, det trur eg ofte kan vera sunt. Hvis du likevel finn ut at du vil stilla deg  open til dette nye som dei kallar for ebok, så vil eg straks steppa inn og støtta deg på det. I same slengen kan eg nevna at den nye boka mi, Friedland, faktisk kjem i ebokform, truleg nokre veker FØR den trykte versjonen vert gjort tilgjengeleg.

Av ein eller annan grunn er ei fysisk utgåve det ein reknar som ei «ekte bok». Det er ikkje nødvendigvis så logisk, ein seier ikkje at ein «ekte epost» er den som er printa ut på papir og overlevert frå hand til hand. Ei bok har, akkurat som ein epost, blitt TIL elektronisk. Det er mogleg forfattaren har gjort seg nokre notater analogt på eit tidspunkt, men ganske tidleg i prosessen har han/ho tasta det inn via eit tastatur og vidaresendt det til forlaget sitt via epost. Språkvask, setting og korrektur har føregått elektronisk, berre i det aller siste leddet skal boka altså bli analogisert og spreidd ved hjelp av lastebilar til eit nett av bokhandlarar og bibliotek over heile verda. Prislappen blir høg, mykje på grunn av dette siste leddet med analogisering. Det er kostbart å riva ned trær og foredla dei til papir, det er kostbart å driva trykkeri og laga fysiske objekter av desse digitale filane som forfattarane og forlaga sender frå seg. Det er kostbart med bokbinding og pakking og transport, og det er kostbart å driva ein bokhandel. (I tillegg er det skadeleg for miljøet, kanskje ein skulle hatt miljøavgift på fysiske bøker?)

Norske forlag er redde for dette nye og framande som heiter ebok. Vil det tyda at vi mistar jobbane våre? Kva vil eigarane våre seia dersom vi sel bøker elektronisk? Eigarane vår er jo bokhandlarkjedene, dei blir nok ikkje blide om dei ikkje får selgja bøkene fysisk? Skal vi venne lesarane til at ein roman kostar ned mot hundrelappen? Kanskje vi for sikkerhets skuld skal syte for å laga så dårlege ebok-satsingar og så dårleg programvare for bøkene våre at lesarane styrer unna dei, i allefall i nokre år til?

Eg var (heilt til nokså nyleg) ein av desse som var moderat skeptisk til ebok, og nostalgisk nok til å styra unna. Sidan eg var så glad i bøker, med omslag og papir og trykksverte, der ein kan bla att og fram som ein vil, såg eg ikkje heilt kvifor eg skulle ynskja å erstatta det med ein skjerm. Eg sit då framfor skjerm i mange nok timar kvart døgn? Eg er dessutan ein av få (?) forfattarar som skriv manusa mine med papir og blyant før eg tastar dei inn på maskina. Likevel bestilte eg meg eit Kindle-lesebrett frå Amazon i juni i år. Eg oppdaga raskt at det stemte som dei sa, dei som allereie har blitt glade i Kindle-brett: det kjennest ikkje som å sjå på ein skjerm. Med eit godt leselys, gjerne ute i dagslys, er det skarpt og behageleg og faktisk veldig effektivt å lesa på dette brettet. Resultatet har blitt at eg har slukt bøker heile sumaren, eg ligg oppe om nettene og les i timevis (noko eg trudde eg hadde slutta med for lenge sidan). Så lenge norske forlag er såpass passive som dei er så har det naturlegvis blitt 90% amerikanske titlar, lese på engelsk. Billig, lett tilgjengeleg og eit heilt hav av fantastisk god litteratur. Fint for meg som lesar, synd for norske forlag og for synd for forfattarane, som signerer dei gamle kontraktane og dermed er prisgjevne desse bakstreberske haldningane.

  1. Hei Jens! Artig å lese synspunkta dine på e-bok, eg gjorde og ein bloggpost om konverteringa av boka mi til epub-formatet: http://digitalforretning.blogspot.no/2013/09/e-bok-lettare-tenkt-enn-gjort.html

    Eg er eining i at det må komme ein løysing på dette som er betre enn det som er i dag. Det som er litt synd er at Amazon, som ser ut til å ha den beste løysinga og den beste maskinvara for å konsumere e-bøker, vil utnytte denne monopolsituasjonen til å tvinge alle bøker gjennom sitt system. Det som og er synd er at panikken og eigarstrukturen i den norske forlagsbransjen «tvingar» lesarane over på engelske bøker, fordi dette er lettvindt å lese på Kindle.

    Uansett, ser fram til boka di, som eg gjerne må anskaffe både fysisk og digitalt.

    Svar

  2. Hei Tarjei, takk for kommentar! Det som Aschehoug har gjort for å få titlane sine tilgjengelege på Kindle er ein «tweak» der dei sender eboka på epost til lesebrettet ditt. Det er visstnok knotete å få til, men det går. Det er sjølvsagt ikkje ei direkte fremtidsretta løysing, men eg håpar å få til noko liknande for mi bok. (Forresten meir detaljar og gode funderingar rundt det her: http://nrkbeta.no/2013/08/20/aschehoug-gjor-det-litt-lettere-for-kindle-brukere/ )

    Poenget mitt er at ein distribusjon av norske bøker via Kindle/Amazon vil vera ein vinnande situasjon for både lesarar og forfattarar. Truleg (og forhåpentligvis) kjem det gode konkurrentar til Kindle i framtida, men nett no blir konsekvensen av ein «boikott» at det går ut over oss som skriv bøker.

    Svar

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *