Jens K Styve

Kyss ein bokhandlar

Boka mi er ute frå forlaget, ute frå trykkeriet, eg er i hendene til bokhandlarane. Kvar gong ein er i hendene til nokon så kan det vera lurt å prøva å setja seg inn i kven dei er. Som ein FBI-etterforskar på TV har eg prøvd å laga ein såkalla profil, ein gjennomsnittleg karakter, ein bokhandlaransatt, ho heiter Anne-Siri.

Anne-Siri jobbar i bokhandel, ho ER ikkje bokhandlar, ho eig ikkje ein bokhandel, men ho jobbar der. Ho har studert i nokre år, har ei litt rotete utdanning som ho ikkje heilt veit kva ho skal gjera med, men ho har heile tida lese mykje. Så mykje, faktisk, at ho har endt opp med ganske tjukke briller. Det er ikkje kun skjønnlitteraturen som er skuld i svekka syn, ho har lese mykje på Universitet og. Eller Høgskulen, eller kva det no er ho har gått på. (På Universitetet, seier ho. Så då er det oppklart.)

Så kjem då boka mi, til Anne-Siri, ho har motteke ei pakke frå posten, det skjer nesten kvar dag (kvar tredje dag, seier ho), det er alltid spanande å opna, det er alltid eit eller anna ho går og ventar på, gler seg til, og ofte er det noko ho blir nyfiken på, ikkje var førebudd på. I tillegg er det bøker som kundar har bestilt, ho kjenner ein del av dei ganske godt, og gler seg faktisk litt til å kunna fortelja dei at jaudå, boka er komen og eg har halde den av til deg som avtalt.

Så kjem Friedland, då. Anne-Siri var ikkje budd på det, men ho bryr seg ikkje så veldig heller. Ho har nemleg ikkje fått med seg noko som helst av det som har stått om boka i små lokalaviser på vestlandet og i nord-noreg. Då er prosedyra grei, ho gjer som ein skal med denne typen bøker, desse som reiser heilt åleine i eit einaste eksemplar, ein plasserer den alfabetisk i hylla. Bokstaven S er ofte heilt nede ved golvet, Jens K Styve havnar ved sida av Odd Surén si einslege bok der nede og saman står dei og gnukkar seg til kvarandre.

Brått ein dag er det nokon som løftar boka opp, det er kanskje tanta til forfattaren eller ein kompis. Nokon slike tanter og kompisar kan vera ganske hissige og lura på kvifor Politi av Jo Nesbø får ligga framme på utstilling, medan Friedland må stå der nede og vansmektes saman med Odd Surén. «Jau», seier Anne-Siri då, og kjenner seg ofte i forsvarsposisjon, «det har å gjera med popularitet». «Dessverre», legg ho kanskje til, ho som faktisk brenn for den smale og nye litteraturen, den som ikkje får same sjansen til å sleppa til. Her kan det skje ein av to ting: enten slår ho av ein prat med denne forfattaren eller tanta hans eller kompisen, eller så får ho kjeft. Dersom ho får kjeft, har ho fortalt meg, så kan det faktisk skje at ho blir sur og irritert, at ho får ein avsmak på heile greia, avsmak på heile Friedland og denne Styverten. Kanskje hvis boka vert lagt på disken ein dag, og nokon står der og betaler for den, så tenkjer ho «good riddance, Friedland«. «Bye-bye», tenkjer ho, «heretter skal eg berre ha trivelege og sympatiske bøker i butikken min, ikkje sånne bråkete kranglefantar som deg». Alternativ 2, dersom det oppstår ein brukbar kjemi mellom forfattaren sin kompis og Anne-Siri, så tenkjer ho: «jøsses, der gjekk Friedland ut av butikken, til full pris og greier, eg må ta og bestilla inn ei ny.» I ein tiltenkt drøymesituasjon så tenkjer ho «den boka må eg ta og lesa sjølv», eller enno betre: «den boka er jo så bra, eg bestiller inn 4-5 nye eksemplarer og skriv på ei lita anbefaling på dei.»

Då først er eg i gode hender, og då, vil eg påstå, er det tent eit bitte lite håp om at det gode skal sigra.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *