Jens K Styve

London Screenwriters Festival dag 2

(Biletet over viser mitt midlertidige londonkontor)

For optimisten frå Noreg starta dagen med Jeffrey Caine som snakka om Ethical Adaptations. Han var ein ringrev og ein skikkelig brite av den gamle sorten, eg merka at berre formuleringane hans var grunn nok til å hygga seg med foredraget. Men så hadde han då og skrive ned kvart einaste ord på førehand. OG han hadde feilberekna tekstmengden kraftig så på dei siste fem minutta raste han gjennom andre halvdel av manuset sitt. Eit eksempel på kva han kunne lira av seg (ang ein adapsjon han hadde gjort frå eit stykke av Bibelen):

Whether it appears in the final film, only God and the director knows. Since I handed in my final draft, I haven´t heard from neither.

Caine brukte ellers tid på å rakke ned på filmar som Gladiator, Spartacus og Braveheart. Han avslutta med ei åtvaring:

Beware! There are screenwriting gurus in your neighbourhood this weekend!

Eg vart oppløfta av å høyra på denne fyren, sjølv om hans største claim to fame reint manusmessig var filmen Goldfinger. Det er stas det, altså, men eg stussar framleis på kvifor dei ikkje hyrer inn dei beste forfattarane frå 2013.

Neste foredrag eg hadde plukka ut var Kate Leys: Everything I know. Det viste seg å vera stappa fullt så eg lærte meg å vera tidleg ute neste gong. Det eg FEKK plass på (og som eg hadde notert meg som eit godt alternativ) var Save The Cat med José Silerio. Blake Snyder, forfattar av boka Save The Cat, gjekk dessverre bort i fjor, men assistenten hans, Silerio, held konseptet i live og hadde ei god gjennomgang av Snyders 15-punkts beat-sheet.

Lunsjpausen varte såpass lenge (2 timar!) at eg rakk å gå meg litt vill i London/Regent Park-området og å eta ein god calzone på britisk vis.

Etter lunsj var eg mett og ganske oppløfta, akkurat når ein trur at samtlege foredrag på denne konferansen er like geniale, så blir ein litt skuffa. David Leland skulle snakka om manusarbeid og prokrastinering, det einaste han sa om prokrastinering er at det er ein del av prosessen. Eg er ekstremt uenig og det er det dårlegaste rådet eg nokon gong har hørt om den saka. Etter ein såpass dårlig start surna eg gjerne litt, og han vann meg aldri heilt tilbake. Foredraget var ustrukturert og ganske likegyldig. Fyren har skrive og regissert fire episodar av Borgias, det er imponerande det, sjølvsagt, men eg nektar å tru at det ramla ned i hovudet på han mens han vaska vindaugene. Eg fekk ikkje vita noko om korleis han jobbar, det eg kom for å høyra om, BORTSETT frå eit råd mot slutten som eg noterte meg og som gjorde heile greia verd det:

I write «letters to myself», I write, for instance about a character for several pages, when they «start talking», I´m ready to add them into scenes and script pages.

Det liknar veldig på korleis eg sjølv startar eit prosjekt, og det gav dermed sjølvtillit på at det skal eg jaggu fortsetta med, gjerne dyrka vidare.

Neste time var ein samtale med Fox og BBC om kva dei satsar på innan TV-komikk om dagen. Dei viste ein haug med eksempler og det slo meg at ingen av dei var vittige i det heile tatt. (Har den glade optimisten gått sur?)

SÅ kom eit foredrag eg hadde gleda meg stort til: forfattarane av filmen Alpha Papa (Alan Partridge) fortalte om arbeidet sitt. Det var to tvillingar (!) og dei har jobba med Steve Coogan i mange år. Det høyres ut som om han er veldig lik på karakteren sin, det virkar som eit lite mareritt å jobba saman med fyren. Men filmen er visstnok veldig vellukka, Coogan er muligens ein kuk, men også ein komiker av rang. Eg kjøpte boka i pausen: I, Partridge (We have to talk about Alan).

Til slutt på dag 2: Luke Ryan, ein amerikansk hollywoodmann som reknar komedie som matematikk. Det er søtt og litt herlig malplassert at ein amerikaner kjem til england og predikerer om humor, men det var gøy å høyre på han og han hadde ein del gode poeng. Det som er morsomt ifølge Ryan har å gjera med Pain, Awkwardness and Discomfort. Greit.

Create characters we love, and beat the shit out of them.

Han lærte oss om termane single-beat/two-beat/multi-beat-jokes, set-piece og runner. Til slutt gav han lista si over 21 ting som alltid er morsomt.

Etter Luke Ryan var klokka blitt 20.00. Mingleområdet var tettpakka og støyande, eg luska meg gjennom parken til min lokale pub der eg fekk ei lang pils og ein pose britisk eddik-chips. Heime på hotellet såg eg Hodejegerne på engelske Netflix. Eg skjønar kvifor den gav Tyldum og Henie Hollywoodjobbar, men eg skjønar ikkje kvifor folk seier at det er ein dritbra film.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *