Jens K Styve

London Screenwriters festival dag 3

Eg skippa første seanse, fordi det ikkje var noko som fenga veldig i programmet, og fordi eg hadde litt skrivearbeid å gjera. Timane frå 8 til 10 er gull verd reint skrivemessig, det er synd å kasta dei bort på eit havlinteressant foredrag (som det såg ut til å vera i dag).

Det var noko kjent med navnet Laura Hutzler, straks eg såg henne hugsa eg kor eg hadde det frå: eg har lese ei av bøkene hennar. Det er ho som har den karakterdiamanten, Mapping your Character. Eg har hatt nytte av  boka, og min skrivekompis Endre brukar den diamanten (riktignok slik som han hadde (mis)forstått den, ikkje slik ho brukar den sjølv). Eg tenkte at eit to timers foredrag med henne kanskje kunne gje ei forklåring på det eg ikkje heilt fanga opp: korleis ho meiner at karakterdiamanten gjev ei 3-akts kurve/løpebane for karakteren. Denne dama er ekstremt amerikansk, ho tek seg god tid og elskar sine kunstpausar der 60-70 tilhøyrarar lydig ventar på at ho ruslar opp og ned midtgangen. Ho er rett og slett karrikaturen av ein script guru, full av seg sjølv og litt for skråsikker på sine eigne dogmatiske teoriar. Men, som optimisten i meg seier, det er alltid noko nyttig å henta og frå desse folka, om ein berre høyrer godt etter. Til slutt, sa optimisten, så kjem dessutan forklåringa på korleis karakterdiamanten vert gjort om til ei kurve over tre akter. Seansen varte i godt og vel to timar og eg tok side opp og side ned med notater. Eg merkar no, etter tre dagar, at eg tek til meg stoff utan å fordøya det heilt, så eg noterer i håp om at eg får gått inn i det seinare. Men det ho seier gjev stort sett meining. Og når ho kom til slutten, og karakterens kurve gjennom tre akter gjekk det fullstendig i ball og eg gjekk ut derifrå, omtrent like klok.

Pilar Alessandra er ei karismatisk (amerikansk) dame som ser ut til å vera ein slags “headliner” på festivalen. Ho har foredrag omtrent kvar einaste dag. Dama har ein blogg, ei nettside og ein podcast, ho har skrive ei bok og ho held gode foredrag. I dag var det to stykker av dei, eit om detaljar og “microcopy”, tekstar og ordvalg i eit filmmanus. Veldig spissfindig og detaljert, men nyttig likevel. I hennar andre seanse seinare på dagen var tema karakterar. Denne dama har erfarning og ho er ein god formidlar.

John Yorke er (muligens) ein slags guru innan dramaturgi og narrativ struktur, i allefall har eg høyrd fleire referera til han. Foredraget hans på ein knapp time gav eit godt innblikk i “the law of associative cohenrence”. Han gjekk kort innom ulike strukturteoriar og konkluderer med at dei alle er omtrent det same. (Sjølv svergar han til sin eigen 5-akts-modell (!)) Historiar og det ein kallar 3-aktstruktur er ikkje noko Hollywood har funne på, det er rotfesta i oss, i naturen.

Det siste foredraget for dagen var “Writing gangster movies”, Eg gleda meg til det, men var litt sløv i gjerningsøyeblikket og oppdaga ikkje at eg hadde gått inn på FEIL FOREDRAG. Eg hadde eit sete innerst i lokalet, på nest fremste rad, og det var glissent i lokalet. Eg turte rett og slett ikkje å gå ut då foredraget starta. Slik er altså eg skrudd saman. Dermed sat eg og høyrde i ein time på to stykker som snakk varmt om den engelske såpeserien Doctors (som har 2-3000 episodar bak seg). Ein time har ikkje gått så seint sidan eg sat på Gardermoen på torsdag. Eg klarte til ein viss grad å lukka øyrene og fordjupa meg i eigne notater og tankar. Enten så trur foredragshaldarane at eg noterte kvart einaste ord som dei sa, eller så gjennomskua dei meg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *