Jens K Styve

Dagens yrke: bloggillustratør

På ein av hattane mine står det «illustratør», det er ein hatt eg ikkje brukar alt for ofte, men dei siste vekene har eg illustrert bloggen til Christian, ein god ven og nabo her i Tromsø. Etter at han fylte 40 fekk han for seg at det var på tide å blogga. No legg han ut ei ny sak kvar søndag, glitrande tekstar frå hans erfaringar frå livet og frå ulike jobbar rundt omkring i verda. Heilt sidan lanseringa av bloggen var mottakinga god, men lite visste vi at det skulle ta fullstendig av på sosiale medier med nettopp denne saka: Mindfullness på norsk. Lettare flabbergasted av mottakinga held vi berre fram, med nye tekstar og illustrasjonar kvar søndag.

CC_fiskeportrett2

CC_byttehandel2

Fly_oppstrekk2

deflestebekymringer

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *