Jens K Styve

Ein ganske slem mann

Sjølv ein ufyseleg kvakksalvar og heimebrennar er interessant på nært hald.

(Friedland anmeldt av Odd Surén i Dag og Tid 24. januar 2014)

No og då kan uventa hendingar eller fenomen få ein til å tru at det er råd å sleppa unna den leie lagnaden og byrja eit heilt anna liv. I 1970 flytta eg, og sjølvsagt resten av familien min, inn i eit flunkande nytt hus, og der stod det Friedland på ringjeklokka. Ei kort stund gjorde dette meg euforisk, endeleg kunne eg sjå lyst på framtida, for eg trudde dei mystiske maktene i verda omsider hadde kome til sans og samling og innsett at ein ikkje kunne senda eit barn ut i livet med namnet Surén. Eg såg fram til ein karriere, kanskje ein lysande ein, som Odd Friedland, men gleda vart kortvarig, og den brutale sanninga gjekk snart opp for meg i all si gru.


KVAKKSALVAREN

No har Jens K. Styve skrive ei bok om Odd Friedland, og dersom det er namnet som har gjort han til den han er, tenkjer eg som Terje Vigen: «Best var det kan hende det gikk som det gikk. » For Odd Friedland er ikkje ein person eg har lyst til å identifisera meg med. Friedland lever nordpå ein stad, og det han lever av, er heimebrenning og ein omfattande kvakksalvarpraksis. Han driv healing med varme nevar og over telefonen, han går med ønskekvist, og han stoggar jordstråling, reverserer ganding og kjenner på auraen til folk. Hans eigen aura er ikkje av det beste slaget, for han er heller beisk og mistenksam, og det ser ut til at han opplever lovene som utidige tiltak sette i verk for å hindra han.


Y
MIS FAMILIE

Friedland er gift med sjukepleiaren Tordis, og saman har dei sonen Kris, som har droppa ut or skulen og gjer natt til dag over endelause dataspel, når han då ikkje driv i narkotikabransjen saman med kompisen Frode, som er ein framifrå fleinsoppkokk og ein røynd importør av ulovlege stimuli. Friedland har også ein hund, Laika, som er overmogen for avliving, men det er tydeleg at den elles kyniske og lite empatiske eigaren har eit veikt punkt når det gjeld denne hunden, sjølv etter at ho skambit han utan forståeleg årsak.


NATURTRU

Styve har med denne boka skrive ein hardkoka roman om ei side av Noreg der skepsisen til eliten er enorm, der langsiktig planlegging berre er meir av den kortsiktige, og der kvasivitskapen får prioritet på kostnad av den eigentlege vitskapen, som ein ikkje trur på kor som er, og han har gjort dette med eit enkelt og effektivt språk, ikkje minst med gode og naturlege replikkar. Truleg har han nytta røynsler frå karrieren som teikneserieskapar, for han har eit særs godt blikk for detaljar, og han driv fram forteljinga slik at lesaren ser det heile som på film. Og det er ein film med mykje action og spenning. No kan ein hevda at personane i boka er litt karikerte, særleg då hovudpersonen sjølv, men eg har møtt såpass mange Friedlandtypar at eg ikkje har vanskar med å tru på denne temmeleg odde utgåva av arten, sjølv om eg innimellom lurer på korleis tilhøvet er mellom han og skatteetaten. Men det er kanskje slik at futen er mellom pasientane eller kundane hans?


ECCE HOMO

Styve prøver ikkje å forklara korleis Odd Friedland vart slik han er, det viktige ved boka er at forfattaren har synt oss at også ein slik person, som ingen bør læra noko av, er interessant når ein kjem nær han, at han er noko av eit mysterium. Ecce homo, som dei sa i gamle dagar, sjå dette mennesket. Ein ikkje særleg snill eller god mann, men han er også ei side av det me tenkjer på som oss, ein treng ikkje spesielle eigenskapar for å verta som Odd Friedland, men ved å lesa om han kan me kanskje utvikla meir av det han vantar, nemleg vørdnad for andre. «Styve har skrive ein hardkoka roman om ei side av Noreg der skepsisen til eliten er enorm.»

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *