Jens K Styve

Få Rorbua tilbake

Eg vil slå eit slag for å få Rorbua tilbake. Eg er klar over at den faktisk lever i beste velgåande, det er framleis ei kro og eit landemerke, flittig besøkt av både innfødde og tilreisande. Ei bule som er elska av mange, og hata av kanskje omtrent like mange. Det eg vil ha tilbake er TV-sendingane derifrå. Gapskratt med Tore Skoglund, og sjølv om eg kjem frå ein ironisk generasjon så meiner eg dette i fullt alvor: la oss få det programmet på lufta igjen, så snart som råd.

Mange meiner programmet frå Rorbua var eit utyske, ein av dei verkeleg store syndarane i konstruksjonen av sjølve myten om nordnorge, den som ein draumer om å ein dag få rista av seg. Rorbua og Oluf, bannskap og sprit, sjarken og kjønnslege vitsar. Eg blir gjerne med på ein diskusjon om nordnorsk identitet, men denne gongen handlar det ikkje om det, ikkje for min del. Det eg saknar, det eg vil ha tilbake, det eg meiner går tapt om vi ikkje gjer noko veldig snart er sjølve Fortellinga. Den lokale skrøna og den inderlege framføringa, den urgamle fortellartradisjonen.

Rorbua var eit folkeleg og rølpete program, med litt for mange innklipp av bedugga og gapskrattande publikumarar, ekstremt lett å parodiere. Men det var noko meir, og noko viktig som eg syns bør løftast fram: det unike og verdifulle var dei muntlige fortellingane, vitsane frå bygdene og ikkje minst framføringa av dei. Skoglund og co henta dei beste skrønemakarane, dei som hadde grep på sitt publikum og kunne påføra dei nærmast hjartestans med berre ein halvgod oppvarmingsvits. Det var norsk ur-standup frå tidene lenge før Jerry Seinfeld og Bill Cosby. Faktisk frå tusenvis av år før dei amerikanarane stilte seg på ei scene. Etter at programmet frå Rorbua blei tatt av skjermen har dette skjedd: 1) voktarane av nordnorsk modernitet kunne slappe litt meir av 2) produsentar av humorprogram nede i Oslo har hatt ein ting mindre å parodiere, og 3) den munnlege fortellartradisjonen har vore så godt som fråverande på TV.

Den einaste fanebæraren for skrøner og muntlig forteljarkunst om dagen ser ut til å vera det halvt marginaliserte standup-miljøet. I Oslo er det mange nok arrangørar/aktørar til at ein kan sjå stand-up nesten kvar einaste kveld. I Bergen har det kome eit sterkt standup-miljø ut frå studentmiljøet og Det Akademiske Kvarter. I Tromsø driv Trine Lise Olsen ein tapper kamp for å få sjangeren til å festa seg i nord. Klubbkveldane på Gründer kvar månad er heilt strålande, men oppmøtet er dessverre noko varierande. Merkeleg nok er også stand-up ein utskjelt og parodiert sjanger, det kan verka som at generasjonen som sit med definisjonsmakta prøver å fjerne restane av den gamle og opprinnelege forteljarforma. Dette fadermordet har pågått lenge no, kanskje lenge nok, det er på tide å løfta fram forteljaren att, skru på kamera og la det surre og gå mens han/ho fortel. Om det er filma på Rorbua, på Gründer eller i sjarken, om det er Tore Skoglund eller Trine-Lise Olsen som held mikrofonen, det blandar eg meg ikkje opp i. Berre vi får Rorbua tilbake.

  1. Gjerne det. Men etter at jeg nylig var på fotballpub i Asker sentrum, en kilometer unna oppvekstmiljøet på Skaugum, mener jeg at de neste episodene burde spilles inn der. Større fortellerglede, minst like tragisk.

    Svar

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *