Jens K Styve

Teikneseriebok til våren

Etter at boka Friedland er ute av systemet har eg bestemt meg for å setja den andre hjernehalvdelen litt i arbeid. Det er den delen av hjernen som står for teikningar.

I tillegg til å illustrera bloggen til Christian kvar veke så har eg avtalt med Jippi Forlag å gje ut ei ny teikneseriebok. Den skal innehalda det beste av mine gamle seriar (det som ikkje omhandlar Finn Bjølseth), og dessutan ein god del nytt. Vinteren skal brukast til å leita fram det gamle materialet og å teikna det nye. Den Høgre hjernehalvdelen (eller var det den venstre?) er strålande fornøgd, syns det er herlig å laga seriar att. Det kjem til å lekke ein del her på bloggen og på facebooksida Jens K fremover, så den som er interessert må “lika” denne sida:

https://www.facebook.com/jensstyve

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *