Jens K Styve

White Snow

Eg har aldri intervjua nokon. Det har av og til streifa meg at det kunne vore gøy å prøva ein gong. (Det må vel seiast, på heilt generell basis, at eg faktisk likar  å gjera ting eg ikkje heilt kan.)

Dette med intervju fekk eg sjansen til å prøva heilt nyleg, då bladet Faktafyk ba meg om å skriva ei sak om TV-serien White Snow. Om korleis manusforfattarane la i veg gjennom Aust-Europa, Russland og Sibir, for å levera manukriptet i handa på ein produsent i Hollywood. Då historia vart lagt fram for meg skjøna eg fort at dette var ei gavepakke: ein gutetur utan særleg plan og utan særleg håp, men med sterk entusiasme og godt humør. Eg grua meg kanskje litt før sjølve intervjuet, men var heldig og råka på dei beste intervjuobjekta på jordas overflate.

Faktafyk er snart klart frå trykkeriet og på veg til kvar einaste (?) ungdomsskuleelev i heile landet. Saka om White Snow kan allereie lesast på Faktafyk sine eigne nettsider.

– Hei pappa, vi er i live!
Det var vesle julaftan 2009, og far til Erlend Skjøtskift var på jobb heime i Stavern då han høyrde desse orda gjennom ei sprakande telefonlinje.
– Men … eg treng å låna hundre tusen kroner.
– Det vart stille, fortel Erlend, – men det gjekk ikkje så veldig mange minutt før pengane var overførte.

peem

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *