Jens K Styve

Teikneseriebok i 2014

Eg har ein kasse på loftet som er stappa full av teikneseriar. Ikkje bøker og hefter, men originalteikningar. Heile produksjonen min frå den første fanzina til den siste serien frå tidleg på 2000-talet.

Eg har lenge gått og grubla på ei ny teikneseriebok som samlar det beste frå denne kassen. Eg gav ut ei samlebok i 2002 med seriane som omhandla karakteren Finn Bjølseth. Den nye boka er tenkt å innehalda “alt det andre” og vert også publisert av det beste teikneserieforlaget i verda: Jippi Comics.

Februar 2014 er min første skrivepermisjon sidan romanen Friedland vart ferdigstilt. Planen var å sitja ned på den første mandagen og stira nokre timar på det blanke arket, sjå kva det førte til. Det som skjedde ganske umiddelbart var at eg laga teikningar, i ruter, i rekkefølgje, rett og slett eit tilbakefall til teikneseriar.

Produksjonen har skote fart, det er ei stor glede å laga seriar att, det ligg an til at samleboka vil få temmeleg mange nyteikna sider! Kor mange det blir er framleis uvisst, det som SER ganske sikkert ut er at eg vil trenga meir enn berre februar på å få boka ferdig. Dermed spøker det for utgjeving til Oslo Comics Expo i juni (jfr serien nedanfor), men til gjengjeld kan det bli ei ganske feit bok i august!

Folk som følger meg på Instagram, Facebook eller Twitter har allerede sett litt «work in progress». Eg legg og ut ein god del på mi Tumblr-skissebok.

ocx1

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *