Jens K Styve

Om største kulturminne

Hva er ditt sterkeste kunst eller kulturminne? (Nordlys, 15.03.14)

– Det første eg tenkjer på er Knutsen og Ludvigsen i ein gymsal i Nordhordland rundt 1980. Eg var kanskje 8-9 år eller noko. Eg holdt på å daue av latter, men det var også litt ambivalent, for Knutsen og Ludvigsen krangla heile tida på scena. Knutsen hata å bli kalla «bestemor», og Ludvigsen terga han med det. Foreldra våre syns det var litt ukorrekt med sånn mobbehumor, men det var forløysande for oss som sto midt i ein kvardag gjennomsyra av mobbing.

Det neste var nok Nick Cave and the Bad Seeds på Sentrum Scene i 1994 eller deromkring. Eg hadde akkurat flytta til Oslo og hadde med den nydelege kjærasten min på det som eg då (og no) innsåg var mitt livs største konsertopplevelse. Plata Do You Love Me var nett komen ut. Nick Cave fremførte den med ei enorm autoritet og utstråling på scena. Han styrte heile den timelange forestillinga åleine, The Bad Seeds gjorde berre jobben sin i bakgrunnen, halvt gøymd bak røyk og lys.

– Hva med litterære minner?

– Eg føler for å trekke fram ein teikneserie, seriar er på mange måtar eit veldig personleg medium, det er så lett å ta i bruk, lett å lage, ein treng berre ein penn og eit papir og etter kvart kanskje tilgang til ein skrivar eller kopimaskin. Vegen frå skaparen/forfattaren til lesaren kan vera veldig kort og heilt usensurert. I tenåra gjorde eg akkurat det: teikna side opp og side ned, kopierte det opp i små hefter som eg solgte for 10-15 kroner stykke. Då eg flytta til Bergen fekk eg tilgang til amerikanske undergrunnsseriar som var laga litt på same måten, men med betre trykk og litt større opplag. Det som gjorde desidert mest inntrykk på meg var serien Hate av Peter Bagge. Eg fulgte ivrig karakteren Buddy Bradleys liv i Seattle parallelt med mitt eige rotete liv som Bergensstudent.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *