Jens K Styve

Min nettbutikk

Betaling skjer enkelt ved hjelp av PayPal, du treng ikkje konto der, eit fungerande kredittkort skal vera nok. Eg signerer, pakkar og sender etter aller beste evne.

Bakgrunnen for dette var: Eg gjorde eit oppdrag for *** (eit stort norsk forlag), noko som skulle bli ei illustrert bok for litt store barn. Det gjekk mildt sagt dårleg, eg endte opp med å få fyken etter å ha kasta vekk masse tid (det heile vart honorert med eit såkalla skissehonorar på fem tusen kroner). Som ein reaksjon på det (okay, irritasjon) bestemte eg meg for å bruka dagane mine på å berre teikna nøyaktig det eg følte for. Eg fekk oppretta ein liten nettbutikk og solgte originalteikningar derifrå, det var meir lønsamt og hundre gongar gøyare enn å prøve å tilpasse teikningane til ein redaktør sin smak (som forresten viste seg å vera svært ulik min eigen smak, det må seiast).

Kva lærte eg? 1) Ikkje sei ja til oppdrag dersom redaktøren ikkje er ute etter akkurat min teiknestil. 2) Å selgja originalar på nett er ein god ide.

117462-1c3446a4001f4376a43b5f23aa11b42f 117462-19c05cd5aa8b41ff821762d1d691e111117462-65b759cc038f44e083d2c271106e9524117462-0991d048eb7642eeafaae0b95269c76b

Takk for at du handlar på www.jensk.no.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *