Jens K Styve

Favorittpiktogram

Ei triveleg dame frå Grafill.no spurte kva som er mitt favorittpiktogram:

Eit vellukka piktogram skal vera eintydig, forståeleg for flest mogleg. I tillegg likar eg piktogram som vekker kjensler som kjem til nytte for lesaren i akkurat den situasjonen der det blir lese. Enkelte har gjort inntrykk frå barndomen, favorittar som “Etsende Væske”, “Eksplosiv” og “Giftig”. På eit jorde i bygda der eg vaks opp sto ei høgspentmast med det gamle piktogrammet for høgspenning, ein mann som blir truffe i brystet av eit lyn. Det må ha fungert, for sjølv om eg og kompisane mine hadde rikeleg med fritid så var det ingen av oss som klatra opp der. Det ultimate piktogrammet for meg må likevel vera det som er laga av menneske, for romvesen. I 1972 og -73 vart to graverte gullplater sendt på måfå ut av solsystemet med ei helsing til potensielle lesarar der ute. Eit piktogram som skulle fortelja om mennesket, om vår plassering, miljø og teknologi. Eit herlig og naivt prosjekt som eg verkeleg håpar romvesna har visst å verdsetja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *