Jens K Styve

5 Spørsmål

5 spørsmål er Norsk Forfattersentrums nye spalte, hvor vi hver måned blir bedre kjent med ett av våre medlemmer. Månedens forfatter i september er Jens K. Styve (f. 1972). Han kommer fra Hjelmås i Nordhordaland og er bosatt i Tromsø. Han var med å starte tegneserieforlaget Jippi i 1997, og står bak en rekke tegneserier, mest kjent er seriene om Finn W. Bjølseth, samlet i boken «Du er ein luring, Finn Bjølseth». Han har gitt ut to romaner, «Eg, Ove Kvamme» (2007) og «Friedland» (2012).

1. Hva er din beste opplevelse fra et litteraturarrangement?
Det største må ha vore då eg gav ut debutboka mi «Eg, Ove Kvamme» på Litteraturhuset i Oslo. Johan Harstad var min støttekontakt, og han held ei flammande innleiing om kor bra han syns boka var. Eg vart så glad at eg følte ikkje at eg trengte å seia stort, las berre eit lite avsnitt og takka for meg.2. Hvis du skulle starte en bokklubb, hvilken bok ville være første hovedbok?Av alle håplause idear eg har fått for meg så har eg faktisk aldri tenkt på å starta min eigen bokklubb. Dersom eg likevel gjorde det så måtte den vel innehalda bøker som eg diggar sjølv. Og teikneseriar. I tillegg til TV-seriar og ikkje minst film- og TV-manus. Mi første bok skulle vera komplett manuskript til The Sopranos, med eit langt og grundig forord av skaparen David Chase. Midt i boka skulle det vera fargebilete frå innspelinga og ein svær plakat av James Galdofini med whisky og sigar. Det ville faktisk ha blitt ein storselgar. Trur eg.

3. Hva er din yndlingstittel (Uavhengig av bokens/filmens/dramaets/tingens kvalitet)?

Det er den siste boka mi, Friedland. Det var kjærasten min som sa det for mange år sidan, at nokon burde skriva historia om familien Friedland, dei som har navnet sitt på alle ringeklokkene. Eg er glad for at ho kom på det, og at ingen rakk å gjera det før meg.

4. Hva er din drømmejobb (med unntak av forfatter)?

Då eg var liten kunne eg tenka meg sånne jobbar som Donald hadde, hundefangar, madrass-testar eller ein sånn som flyg med småfly over byen og skriv meldingar med røyk. No når eg er 42 kjenner eg at eg likar å sitja heime og drikka te og teikna og mala. Eg trur eg kunne tenkja meg å vera ein teiknar og malar.

5. Hvordan ser en arbeidsdag ut for deg?

Ein skrivedag startar klokka 0830, då er matpakker smurt og skulesekkar pakka, familien er ute av huset. Ritualet er at eg ryddar pulten og fjerner alt av mobilar og datamaskiner, plasserer det i eit anna rom. Så bryggar eg ein kopp med sterk kaffi. Før i tida kokte eg ein heil thermos, no har eg lært at ein kopp er passeleg dose. Etter den går eg over på te. Dersom ingen ringer og eg klarar å halda meg unna internett så kan eg skriva side opp og side ned, aller helst for hand. Andre dagar tastar eg berre inn det eg skreiv dagen før, eller eg les gjennom eit kapittel og fyller arket med strykingar og tilføyingar. Hvis eg har eit møte midt på dagen eller finn ut at eg vil treffa nokon til lunsj så er dagen vanlegvis spolert. Eg treng minst 5-6 timar heilt uforstyrra for å få ein god skrivedag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *