Jens K Styve

24 sider på 24 timar

Eg måtte gjera det igjen: den halsbrekkande øvinga å laga ein teikneserie på 24 sider i løpet av 24 timar. Også i år blei det gjort i samband med Oslo Comics Expo, arrangementet som vi kallar Oslo 24H Challenge.

Arrangementet starta onsdag 10. juni klokka 08.00 på Serieteket, Deichmanske Bibliotek (Grünerløkka). Det var 28 påmeldte, dobbelt så mange som i fjor. Alle etablerte og seriøse serieteiknarar som kom med spissa blyantar og sterk arbeidsmoral.

Eg hadde grubla ein del på idéen min, etter eg laga serien Cabin Fever i fjor haust hadde eg hatt lyst til å ta døden-karakteren vidare i ei ny fortelling. Eg hadde også eit ynskje om å ta det til ei anna tid, sidan eg aldri har gjort det før: laga ein teikneserie i ei historisk setting. Valget fall på 1800-talet og ein liten norsk by som fint kunne ha vore Tromsø.

Camera Obscura: Døden kjem for å hente ein fotograf, og nyttar høvet til å få tatt nokre gode portrett av seg sjølv.

Klok av skade så gjorde eg ferdig alt av manusarbeid og skissing i starten. Det tok likevel mykje tid, eg var ikkje ferdig før rundt klokka 04 på natta og då var det fint lite krefter/motivasjon igjen.

No i ettertid er eg stolt av resultatet, det kan bestillast her: www.jensk.no.


Kjøp Camera Obscura frå Gumroad (pdf)

 
IMG_1455 IMG_1465 IMG_1447 IMG_1446 IMG_1432 IMG_1406 IMG_1579 IMG_1537 IMG_1535 IMG_1488 IMG_1481

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *