Jens K Styve

Ny bok i september: JensK Sesong 1

JIPPI Forlag gjev ut boka Jens K Sesong 1 og den skal vera klar allerede i september! Hvis alt går som planlagt så blir det lansering på Raptusfestivalen i Bergen. For dette er teikneseriar, 156 sider i fargar. Mitt eige forord i boka seier:

DET SISTE EG GJORDE før eg heilt slutta å tenkja på teikneseriar (ein gong i 2001) var å skissera ein serie på fem sider om ein biltur gjennom Sverige. Eg la skissene bort, dei havna i ei kasse på loftet. Det var likevel noko der som eg ikkje heilt klarte å gløyme. Nokre tidshopp, nokre historiske scener, ikkje minst ei stor glede ved å teikna noko eg ikkje hadde gjort før, noko eg ikkje heilt kunne.

Tidleg i 2014 hadde eg skriveperm utan ein einaste plan. Eg hadde året før gjeve ut min andre roman, Friedland, og var overtydd om at eg ikkje skulle gå laus på noko nytt romanprosjekt med det første. Planen var å sitja ned den første februar, stira i veggen og sjå kva som skjedde. Det om skjedde var: teikneseriar.

“Dersom eg ein dag skulle laga teikneseriar att, så ville eg ha gjort det på ein annan måte”, kunne eg seia, utan å ane kva eg prata om. Eg visste at dersom eg skulle laga seriar att så burde eg starta med den bilturen gjennom Sverige. Kanskje det var noko der.

Eg er framleis ikkje sikker, men eg trur eg er på sporet av noko. Vel eit år etter at eg byrja teikna i ruter att, denne boka er det eg har produsert hittil i mi nye tidsrekning, her er JensK Sesong 1.  Alt er laga av rein skapartrong, teikneglede, forteljarglede. Ingen oppdragsgjevarar eller redaktørar, dette er det eg ville ha laga dersom eg fekk laga akkurat det eg føler for. Dersom det er skulle vera berre halvparten så gjevande å lesa desse sidene som det har vore å laga dei, så skal eg prisa meg lukkeleg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *