Jens K Styve

JensK i Pondus

Historielinja der JensK mistar smarttelefonen i dass har blitt plukka opp av bladet Pondus! Det kjem til å gå som ein følgjetong med 4 sider i kvart hefte frå og med nr 12 2015.

– Nå har du sjansen til å speed-date Pondus-leserne, hvordan vil du gå frem?
Skal vi sjå, på ein date med samtlege Ponduslesarar ville eg starte med å seia noko negativt. Eg har lese i ei bok om sjekking at det skal fungere godt, eg kunne til dømes ha sagt at eg syns dei alle har blitt tynne i håret. Det burde fornærme nesten alle, hvis det i tillegg skulle vere eit par damer i forsamlinga så kunne eg antyde at dei har lagt på seg. Deretter kunne eg kanskje gått over på å fortelje litt om meg sjølv: mann, glad i å teikne og skrive, føydd sumaren 1972, bur i Tromsø, men kjenner seg heime både i Bergen og Oslo.

– Seriene dine om Finn Bjølseth er jo noen av redaksjonens absolutte favoritter, en perle blant norske serier som hadde fortjent et mye større publikum. Men plutselig forsvant du fra tegneseriescenen i nesten 15 år. Hva skjedde? 
Eg merkar at eg likar godt å gjere ting eg ikkje heilt kan, etter kvart hadde eg laga såpass mange sider med teikneseriar at eg syns eg byrja få det ganske bra til. Sjølv om kvaliteten gjekk opp så gjekk salgstala ned, dermed var det på tide å kaste seg over noko anna som eg ikkje heilt kunne.

–  Du er jo bok-aktuell med «JensK – Sesong 1», pluss at du har gjort et par spreke stunt med tjuefiretimersserier. Hvordan er det å være tilbake i serie-manesjen igjen?
Det er faktisk ekstremt gøy. Eg trudde lenge at eg hadde laga min siste teikneserie, på 90-talet var eg veldig “inne i det”, på heile 00-talet har eg vore veldig “ute”. Eg var redd for at eit eventuelt tilbakefall til teikneseriar skulle bestå i å ta gamle tricks på nytt, hvis eg skulle laga seriar igjen så måtte det skje på ein litt annan måte enn før.

– Det du produserer spres på en litt utradisjonell måte. Kan du beskrive den – og hvorfor du har valgt å gjøre det på denne måten?
Stort sett alt eg lagar blir først lansert på engelsk. Både på nett og i små hefter som eg produserer og trykker opp sjølv. Rundt i verda fins det nokre nydelege folk som er såpass interesserte at dei bestiller desse heftene. Det liknar ganske mykje på slik eg starta med seriar, som tenåring, den gongen trykte eg opp alt på kopimaskin. Av ein eller annan grunn så gjev det meg masse energi å gjere alt sjølv. No for tida er det og sjølvsagt mykje lettare å få åtgaum internasjonalt (Instagram, Twitter og denslags) og ikkje minst å selga desse heftene på nett (jensk.no).

– Du har jo skrevet to romaner, «Eg, Ove Kvamme» og «Friedland». Er det noe fra jobbingen med tegneserier du kunne ta med deg inn i romanene og omvendt?
Mi styrke som skjønnlitterær forfattar eg antakeleg dialogane. Å skildre karakterer gjennom dialog, det trur eg i stor grad må tilskrivast bakgrunnen frå teikneseriar. Enkelte lesarar og anmeldarar påsto å kunne merke at bøkene var skrivne av ein serieteiknar, eg brukte litt energi på å prøve å forstå kva dei meinte. Det var visst noko om at stilen var visuell og tablå-aktig (?), eg veit ikkje heilt. Antar at det like gjerne kan ha å gjere med mi interesse for film og TV-seriar. Motsatt vei så har nok bøkene gjort meg meir bevisst på arbeidet med struktur, forteljarteknikk og dramaturgi, seriane eg lagar no får nok nye litt godt av akkurat det.

 

2890411003091839443www.pondus.no

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *