Jens K Styve

Dunce fast serie i Lunch

Serien min Dunce har blitt fast serie i det eminente bladet Lunch! Her er eit kort intervju som Lunch-redaktøren gjorde ved oppstart: 

Hvor bor du nå?
Eg bur i Tromsø og har gjort det sidan januar 1999.
 
Hva jobber du med?
Eg jobbar med å skrive og teikne serien Dunce. I tillegg har eg eit bokprosjekt på gang saman med Endre Lund Eriksen, pluss at eg speler gitar og syng i punkbandet Heimelekse. På fritida jobbar eg som kommunikasjonsansvarleg på Tvibit, eit ungdomshus-/kulturhus her i byen.
 
Hvorfor tegne tegneserier?
Eg har alltid hatt hjarte for teikneseriar, for meg er det ei perfekt symbiose mellom kunst, design og litteratur. I tillegg er det billig og enkelt å lage, og eg kan realisere eit prosjekt frå start til slutt utan å involvere andre. Det passar bra for ein fyr som meg, ein som er sånn passelig introvert og vrang.
 
Hva handler serien din om?
Dunce handlar om meg sjølv. Eg har alltid teikna meg med sånn spiss hatt, ein «dunce-cap». Det er sånn som ein får på når ein må stille seg i skammekroken.
 
Hvilke serier leser du til vanlig?
Eg les så mykje som mogleg av norske seriar, både striper og lengre ting. For tida blir eg dessutan inspirert av teiknarar/kunstnarar som italienske Gipi, britiske Warwick Johnson Cadwell, finske Mari Ahokoivu, australske Ashley Wood og amerikanske Pam Wishbow. 
 
Er det noen du vil hilse til her?
Eg kunne godt tenke meg å helse til lesaren, hvis han/ho vil lese meir av Dunce så håpar eg at han/ho tek det opp med redaktøren! (Takk!)
 
(Det siste der slo altså til ganske fort!)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *