Jens K Styve

Dunce i Dagbladet

Sidan januar 2017 har Dunce vore dagleg gjesteserie i Dagbladet. I dag leverte eg stripe nummer 45, det har så langt vore både artig, lærerikt og slitsomt. Og best av alt: dette er berre starten…

Det er inga tvil om at daglege striper fører til ei bratt læringskurve og rask utvikling. Eg føler at både karakterar, univers og fortellarteknikk har utvikla seg mykje på to månader. Og meir skal det bli, min sjef har nyleg innvilga 50% permisjon fram til 1. mai så det skal bli meir tid til å fokusera på teikninga.

Hvis du ikkje er fast lesar av Dagbladet så kan du følgje Dunce på Facebook for daglege oppdateringar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *