Jens K Styve

«Ein av dei smartaste og mest originale norske stripeseriane som har debutert i seinare tid»

Dunce 1 er anmeldt på Serienett

Jens K. Styve er nett kome ut med ei engelskspråkleg minisamling av stripeserien «Dunce». Det er ei god anledning til å sjå litt nærmare på seriens utvikling.

Serien som vi nå kallar for «Dunce» (Dumrian) kan sporast attende til Styves nye Patreon-prosjekt i 2014, då han begynte å sende ut engelskspråklege mini-hefter til sine «patrons» verda over. I alle fall to av desse hefta, som seinare vart samla i boka JensK Sesong 1, besto for det meste av humorstriper – underfundige, ofte absurde, og med Styves eigen, lett nevrotiske forfattar-avatar i hovudrolla. Mini-hefta innehaldt det Styve sjølv følte for å teikne og fortelje, men så skjedde det noko som ga stripene fornya merksemd: «Dunce» vann Dagbladet sin teikneseriekonkurranse.

Sigeren ga han (i tillegg til ein pengepremie) fire månader med publisering i Dagbladet. Dei er nesten oppbrukt, men med fast plass i bladet Lunch er «Dunce» ein serie på veg opp.

Tittelen på serien viser til den karakteristiske hatten som hovudpersonen bærer, ein såkalla «dunce cap» som barna før i tida måtte sitte med i skammekroken. Du har sikkert sett enten Dennis eller Tommy med ei slik ei. For mannen sin del representerer denne hatten kjensla av å vere misforstått og urettvist behandla, i følgje teiknaren sjølv. Han innrømmer også at serien har sjølvbiografiske trekk, sjølv om han, som dei fleste andre serieskaparar med slike tendensar, tek førehald om at mykje er tøv.

Seriens ikkje namngjevne hovudperson er ein fråskilt småbarnspappa og kontorist som bur i Tromsø; lokaliseringa er ikkje uvesentleg, ettersom nordlys, lange vintrar og mørketid er ytre element som ofte dukkar opp i serien. I grove trekk har ikkje humor, miljø og persongalleri endra seg mykje frå JensK-perioden, men «Dunce» er meir av ein familieserie, med fokus på forholdet mellom far og son, og son og skulevenninna hans. JensK-stripene handla meir om forholdet til kollegaer (til å halde ut), jobben (så vidt til å halde ut) og ikkje minst andre fagfolk (slett ikkje til å halde ut).

Ikkje at serien har vorte så mykje meir kommers. Poeng og situasjonar er framleis ofte uføreseielege, figurane er ikkje umedelbart enkle å setje i bås, og serien omfamnar framleis absurde situasjonar som den samstundes behandlar med forfriskande subtilitet. Kontrasten mellom det trivielle og det sære er noko som Jens K. er på god veg til å perfeksjonere. Reint visuelt slo serien seg kanskje meir laus med surrealisme og metaforiske bilete i JensK-perioden. Rett nok kan også Dunce glimte til på dette feltet, skjønt ikkje så mykje i den aktuelle mini-samlinga.

Omsetjinga av stripene frå norsk til engelsk er kompetent, sjølv om den verkar vel bunden av dei norske formuleringane. Men pussig nok inkluderer samlinga ei stripe som dreier seg rundt ei bokstavtru tolking av omgrepet «gå for lut og kaldt vann». Styve innrømmer i ei fotnote at stripa ikkje fungerer så bra i omsetjinga…så kvifor bruke den då? Han har mange fleire å velje mellom.

«Dunce» er ein av dei smartaste og mest originale norske stripeseriane som har debutert i seinare tid. Eg vil sakne å kunne lese den dagleg, sjølv om dei to titlane som den snart må vike plassen for – «Værbitt» og «Puma» – også er seriar som eg har forhåpningar til. I mellomtida håper eg det snart kjem ein meir komplett samling av Dunce-striper – Ein JensK Sesong 2, om du vil.

Dunce Number One (36 sider i A5-format) kan kjøpast på Tronsmo, Outland, eller jensk.no

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *