Jens K Styve
«Ein proff må skriva bøker og gje dei ut relativt ofte, han må få ting ferdig utan å tvile så sterkt, utan å ombestemme seg heile tida og utan å stadig vurdere å kaste seg framfor bussen.»

jens_web

Intervju v/Kjartan Tretteteig, 9. juli 2013

Den andre romanen din, Friedland, er i desse dagar på veg til trykkeriet, først av alt: gratulerer!

Takk og takk.

Kva er det for ei historie du har kokt ihop denne gongen?

Friedland er ei historie om familien Friedland, ein familie på tre som bur i ei bygd ein plass i nordnorge. Truleg ikkje så veldig langt frå Tromsø. Faren, Odd Friedland, er ein driftig mann utan arbeid. Han har hundre forskjellige prosjekter på gang samtidig, det strekker seg frå healing, stopping av blod, til spritproduksjon, isbilen, krekebærsaft og kantarellar. Han har eit avslappa forhold til lov og rett, det er kanskje rettare å seia at han har sitt heilt eige sett med lovar og reglar. Fru Friedland, Tordis, hellar meir til skulemedisin og blandar seg minst mogleg i dei forskjellige bedriftene hans. Dei lagar krekebærsaft saman, ellers lever dei nokså parallelle liv. Tordis kjem frå ein religiøs familie og kjenner heile tida ei svak draging tilbake mot det miljøet. Sonen i huset, Kristoffer Friedland, er i ferd med å verta vaksen og leitar etter sine eigne måtar å gjera ting på. Han er i utgangspunktet drivande god til å festa, røyka og spela dataspel. Etter kvart prøver han å skapa seg ei næring ved å delta i narkotrafikk i den vesle bygda, det fører naturlegvis til trøbbel.

Kor vanskeleg var den vanskelege andreboka?

Eg hoverte ein del i starten med å seia at det var leikande lett, men etter at det har gått seks år med dette prosjektet så må eg vel innrøma at det var ganske komplisert. Den første hausten, samtidig som debutromanen (Eg, Ove Kvamme, Cappelen Damm, 2007) kom ut, så kom historia om familien Friedland susande til meg og det såg veldig oversiktleg og greit ut. Eg kunne gje den ut året etter, tenkte eg. Det som er interessant no er å sjå på notata frå den gongen, dei stemmer veldig godt med slik boka til slutt har blitt.

Så den kunne vore gjeve ut året etter?

I teorien ja. Men det blei ein noko meir kronglete veg viste det seg.

Korleis oppsummerer ein kort, kva for ein fyr er du eigentleg?

Du meiner kva eg driv med?

Altså, er du serieteiknar? Forfattar? Eller formgjevar?

Det varierer. Det hender eg får ting for meg, og når det skjer så forfølgjer eg den tanken så langt det går.

Kva legg du i det?

Då eg vaks opp hadde eg for meg at eg skulle bli serieteiknar. Eg teikna mykje, kvar einaste dag, studerte korleis gode teiknarar gjorde det, kopierte dei og fant ut kva for ein stil som passa meg, kva som ikkje passa. Franquin, Will Eisner, Uderzo og norske teiknarar som Sverre H Kristensen, Frode Øverli, Arild Midthun. Dette var på 80-talet, Øverli var sjølv ung og fersk, han var på ein måte Midthun sin læregut. Eg brevveksla med både Kristensen og Øverli, dei lærte meg ein del tricks og gav oppmuntrande innspel.

Og serieteiknar var du fram til … rundt 2000?

Etter kvart vart eg hekta på amerikansk undergrunn som Daniel Clowes, Peter Bagge og Robert Crumb, i tillegg til engelske teiknarar som Philip Bond og Jamie Hewlett. Vi starta serieteiknarlaug i Bergen og i Oslo, etter kvart tok det form av Jippi Forlag. Det var ei bra tid med mykje sosialt og kreativt liv i Oslo, eg flytta i 1999 til Tromsø for å vera der eit år, det har vist seg å bli noko meir. Rundt år 2000 fekk eg for meg at eg skulle vera grafisk formgjevar. Eg hadde jobba som programmerer i eit webbyrå i nokre år, og når eg såg korleis designarane jobba der så tenkte eg at slik ville eg og jobba.

Og no, når du er ein etablert formgjevar, kva har du for deg?

No har eg fått for meg at eg skal skriva mest mogleg fiksjon. Boka Friedland var eit prosjekt som tok mykje energi, det krevde mykje av meg. Når det no er overstått så gler eg meg til å realisere noko av alt dette andre som eg har gått og pønska på.

Det tok deg 6 år, men Friedland er likevel godt under 300 sider?

Det var det meste eg klarte. Skulle gjerne ha skrive ei tjukkare bok, men det er kanskje noko med stilen min, noko med språket, som gjer at det ikkje ender opp på 500+ sider. Alternativt kan det hende eg er lat, men det velgjer eg å ikkje tru.

Latskap trur eg vi kan sjå bort frå.

I allefall så skjer det noko når eit såpass stort prosjekt er overstått, det opnar seg opp eit hav av nye idear, planar, muligheter.

Noko du kan fortelja om?

Eg har jobba mykje med manus for film og TV i det siste. Eg har eit par TV-seriekonsept som eg har lyst å utarbeida vidare, eg driv og lærer meg handtverket og skriv litt på eksisterande TV-konsepter for å få «fingertrening». Det er ikkje så ulikt å lære seg å laga teikneseriar eller å bli ein god formgjevar, ein må berre sitja ned og gjera det, studera korleis dei verkeleg gode gjer det, plukke ting frå kvarandre, lese litt faglitteratur og høyre etter når proffane fortel om sine metodar. Eg har, som tidlegare, ei handfull med forbilder som eg finstuderer, David Chase, Kurt Sutter og Vince Gilligan. Nettet har jo gjort det mykje lettare å tileigne seg slik kunnskap, det fins mengder av podcastar, nettsider, intervju, videosnuttar som går inn i temaet. Eg har alltid vore ein som har tru på å gjera ting heller enn å snakka om det, eg blir berre irritert av å høyra på folk leggja ut om sine urealiserte planar som dei aldri tek tak i. Folk er redde for å ta grep, truleg redde for å gjera noko dårleg, redde for å bli skuffa på seg sjølv. Alle kjenner på det, sjølvsagt, men eg trur manusskriving er som å strikka eller springa maraton, ein må trena for å bli god.

Er du ferdig med bøker?

Langt ifrå, eg er allereie i gong med neste bok. Det er tidleg å fortelja om akkurat den, men eg håpar den skal gå mykje raskare å få ferdig enn Friedland. Dei to bøkene eg har skrive til no har vore ei bratt læringskurve, no har eg ein del verkeleg gode redskapar i verktøykassa, så om ikkje veldig lenge så håpar eg å kalla meg ein proff forfattar.

Kva kjenneteiknar ein proff forfattar?

Ein proff må skriva bøker og gje dei ut relativt ofte, han må få ting ferdig utan å tvile så sterkt, utan å ombestemme seg heile tida og utan å stadig vurdere å kaste seg framfor bussen.

Og der er du snart?

Eg satsar på det. Eg har fått det for meg og då blir det ofte slik.